Den første laurdagen i november, kl 12 midt på dagen, ”at high noon”, startar Green Race. Dei siste 13 åra har fleire og fleire padlarar og tilskodarar funne vegen ned i juvet til Green River Narrows, og i år var nok ein gong eit rekord år, med over 160 startande i long boat klasse, short boat, c1, handpadlarar og open kano (mange var påmeld i to klasser). Med så mange elvepadlarar i full sprint dei 4-5min det tar å komme seg ned elva, ei elv som må seiast å vere hakket kvassare enn utforstrekka på både Brandseth, Ula og kanskje også sick line, ligg mykje til rette for eit realt sirkus for dei 500-1000 menneska som ser på. Anslaga på antal publikum spant nettopp frå 500-1000 og ein kunne bokstaveleg talt sjå buskaset gi etter for massane når klokka drog seg mot 12. Dei aller fleste samla seg til show og ein tidleg start på festen ved stryket Gorilla. Gorilla fekk namnet sitt frå eit legendarisk sitat frå den første som nokon gong synfarte dette stryket. ”You would have to have the balls of a gorilla to padle of that thing”. No, eit par tiår seinare kjem ein haug med padlarar dundrande ned Gorilla med eitt minutt mellomrom, full av melkesyre etter nesten 4minutt med padling og med fleire hundre menneske på elvebredda som roper etter show og action.
Eg kom til Asheville i North Carolina torsdagen før Green Race. Motorproblem forhindra planlagt avreise frå Montreal, der eg og Siri hadde vald å spisse playboatkompetanse og franskkunnskap, og etter tre dagars ekstra venting og to dagars biltur ned gjennom Vermont, New Hampshire, Masachussas, Connecticut, New York, New Jersy, Maryland, Pennsylvania, Virginia, West Virginia, Tennessee og etterkvart North Carolina, rulla eg inn på Astral sine hovudkontor. Her møtte Yonton og Bryan meg med eit: ”Hey Dawg! How is it going?” Astral, selskapet som produserer eco-friendly redningsvester er eit selskap som går godt inn i Asheville sin litt hippi aktige atmosfere, prega av eit uvanleg kunstnerisk bybilete. Som ein lokal padlar sa det :”the only place in the south where people would have dreds and not get their ass kicked!”. Oppe i det heile hevdar padlarane eg prata med at ein fant verdas størst padlesamfunn her i området. Ikkje usannsynleg når ein tenker på at Asheville, i tilleg til Astral, husar Liquid Logic, Watershed og den amerikanske Pyharana distributøren.
Yonton og Bryan gav meg retninga til elva og forsikra meg om at eg ville møte padlarar på take-out til Green.
”Hey Dawg!” Nok ein gong vart denne litt gangster-klingande uttalen av namnet mitt ein kjærkommen lyd. På parkeringsplassen ved Green river var det fult med elvepadlarar, likesinna og som oftast svært hyggelege menneske. Som utlending og ukjend padlar er likevel ikkje slike situasjonar like lette å handtere. Å ta kontakt med andre fall ikkje like naturleg her som i Brandseth elva, der eg veit kvar alt og alle er. Derfor vart helsinga frå Amos som eg hadde møtte heime på Voss for to somrar sidan, veldig betryggande. ”What are you doing here? Er du her for å padle Green Race? Vil du ble med på ein runde?” Amos og Mefford som begge hadde jobba på Jølster rafting i to sesongar er busatt i Asheville og er derfor lommekjende Greenracerar. Dei ville gladeleg vise meg linjene.
Eg hadde funne ein fantasisk kort veg frå framand til nærmast lokal padlar der eg dreiv ned mot første stryket og fekk mine første instruksar. ”Here you need to keep pushing right to the last drop and than boof hard left…if anything goes wrong just boof in to the right eddy.” Lettare forvirra boofa eg ti sekund seinare inn i den høgre bakevja. Den linja skar seg, men dei tjue(?) forskjellige neste linjene gjekk forbausande bra der eg prøvde å følge dei to i front. Elva var ikkje større enn Brandseth, noe brattare og satt saman av litt sklier og mykje kampesteinar. Nok til å forvirre meg som skulle lære linjene på to dagar.
På Konkurransedagen var eg framleis litt spent på om alle linjene satt som dei skulle. Som startnummer 127 hadde eg god tid til å tenke gjennom alt eg skulle før start, litt for god tid kanskje. Då starten min gjekk var eg gira og gav på mot første stryket, traff steinen på høgre for tidlig og dumpa inn i ei bakevja. ”Faen!”, er eit ord dei fleste i USA ikkje forstår. Eg padla som ein visp ut at i straumen og gav på ned dei neste 100-200meterane med enkel men utmattande padling før eg nærma meg dei første store stryka. Framme ved Gorilla trur eg orda Marc Basso hadde sagt til meg før avreise kila meg i bakhovudet ”you won’t forget how it is to run Gorilla with your arms burning and 500 people shouting at you”. Eg drog pusten, tok tre kviletak og hoppa i det. Eg høyrde ikkje ein lyd før eg, litt på halv tolv, var gjennom valsa som på plagsomt tydelig vis markerer slutten på stryket. Brølet frå land var så massivt at eg lot meg rive med og jubla i kor. No var det kunne tre frekke men ganske enkle sklier att før eg var i mål.
På veg opp att til start for å hente tinga eg hadde lagt att der oppe var eg igjen imponert over stemninga her midt inne i juvet 45min gange frå næraste veg. Tida mi vart heller middelmådig etter to graverande feil, men eg kravla opp gjennom krattet fornøynd og imponert over the Green Race.
Meir info kan du finne på: American Whitewater
Eric Deguil har lagt ut ein video frå elva på:
http://outdoor-attitude.over-blog.com |